Tidleg tirsdag morgon møtte 7 "morgonfriske" pleiarar +nattevaktene opp på heimen for å gjere klart for årets tur med hurtigruta. I år er det 5. året på rad at vi, (personalet),arrangerar denne turen og vi har valgt Hurtigruta MS Trollfjord for årets tur. Den har bedre heiskapasitet enn fleire av dei andre hurtigrutene og vi var 40 personar der dei fleste ikkje er så flakkføre at dei spring trappene.
Litt over kl. 07.00 starta vi frå Sæbø med to minibussar, sjukeheimbilen og ein varebil som hadde med alle rullestolar og rullatorar.
Vel framme i Ålesund vart rullatorar og rullestolar fordelte og vi var klare for tur. Det var eit flott syn å sjå når båten kom inn mot kaia og vi gledde oss til å kome ombord og til ein dag med luksus.
Bilda får tale for seg sjølv, ein tur vi anbefalar på det sterkaste!
Eli, Ellen, Jorunn og Ruth er klar for tur!
Randi og Janneche.
Monica og Adolf.
Det er godt å få ei hand å halde i når det trengs. Bodil og Elisabeth.
Ein bil til alt utstyret er greit å ha. Petra, Roar og Mari-Anne.
Å så gjeld det å finne rette kjøretøyet til rette personen. Randi og Mari-Anne.
Vi ventar på Hurtigruta!
Petra Karin, Elisabeth, Irene og Liv.
Alfhid og Hallgerd.
Ruth, Annlaug, Else, Jorunn og Janneche fremst.
Borghild og Ragna.
Ruth, Adolf, Jorunn, Randi og Randi.
NO KJEM HO!
Randi og Jorunn.
Alfhild, Randi, Ruth og Petra Karin.
Vi nyt utsikta.
Anne Marie og Petra Karin.
Ragna og Eli.
Borghild Guida oss innover Hjørundfjorden og fortalte om ein lang og trasig skuleveg frå Brattheim til Saltre. Ho har sett og opplevd store forandringar dei siste 105 åra.
Tid for lunsj. Ragna, Irene, Elisabeth, Else, Liv, Monica og Annlaug.
Janneche, Randi,Eldbjørg, Alfhild, Lars Jarle, Roar og Monica.
Vi fekk nydeleg lunj og dessert.
Ruth fekk besøk ombord.
Borghild, Bjørg, Petra Karin og Liv Grete.
Vi var 40 personar med smått og stort, eller kansje heller gamal og ung!
Vi nyt utsikta og rett og slett storkosar oss!
Borghild, Ruth og Liv Grete fremst.
Perta Karin og Magna.
Monica, Liv og Gudny.
Vi var veldig heldige med veret og kunne nyte utsikta frå dekk. Ruth, Else, Astrid, Karl, Liv, Kirsten,Adolf, Monica, Gudny, Irene og Manuela.
Monica, Kjellaug og Bjørg.
Roar og Lars Jarle.
Vi set kursen mot Sæbø og gjer oss klare til å flagge for dagen og Hjørundfjordheimen og heile Hjørundfjorden! Bodil fekk feil flagg men ho kler det....
Her kjem vi! Vi set stor pris på at Hurtigruta tok seg tid og bry med å køyre inn på Sæbøvika og fløyte til dei som vart att heime og alle som stod på land!
Vi rundar Sæbøneset og set vi kursen mot Ålesund igjen.
Emma Nathalie stilte på Kaia med flagg og vi såg fleire som flagga for oss og det set vi stor pris på.
Kl. 21 var vi tilbake på heimen og dei fleste var klare for senga etter ein lang og innhaldsrik dag.
Vi takkar alle som var med, både bebuarane og dei som brukte av fritida si for å vere med på "verdas vakraste hurtigrutetur"!