Hjørundfjord barnekor ynskjer velkomen til eit nytt semester!
Vi øver annankvar torsdag på Sæbø bedehuset. Komande øving er torsdag 19.september kl.15.00-16.00. Vi har mykje kjekt på semesterplanen og vi skal synge både på gudstenester, på Hjørundfjordheimen og på julekonsert. Vi skal også ha koseøving der foreldre har med noko godt som vi kan ete :) Vil ditt barn byrje i Hjørundfjord barnekor? Ta kontakt med dirigent eller møt opp på øving. Vi har det veldig kjekt i lag! Frå 1.klasse.

Spørsmål? Ta gjerne kontakt med dirigent Marie Austrheim Riise.

Vi sjåast!