Laurdag 31. august

inviterer Johan Skår til ein ettermiddag med mykje natur, kulturhistorie og heimelaga kortreist tradisjonsmat. Johan har siste året sett i stand løda på Bakkane, slik at dei der kan ta imot gjestar og turistar som kjem sjøvegen eller over fjellet.

Frå Skåradalen

Utsikt frå Skåradalen utover Hjørundfjorden

Denne laurdagen tek Johan oss med til Skår seter. Der får ein oppleve ei nydeleg utsikt ut Hjørundfjorden. Johan vil fortelje om livet på setra, segner knytt til vegen og elles om spesielle stadar langs vegen. Det er litt bratt opp til setra, men gode sko og med tida til hjelp, vil dei fleste i vanleg gos form greie turen opp.  Vel oppe vert det høve til ein liten matbit. Ta med godt med drikke til turen opp.

 

På kvelden vert det servert tradisjonsmat av heilt lokale råvarer til  middag i løda. Om ein ikkje greier turen til setra, går det fint ann å kome til Skår for middagen.

Johan vil servere sanne og nokre ikkje slett så sanna historier frå Skår og Hjørundfjorden ilag med middagen. God drikke vil ein også få.

Det vert sett opp båt kl 14:30 frå Sæbø, via Leknes. Turen til setra startar kl 15.

Klokka 17:30 går det ferje frå Sæbø via Leknes til Skår, den passar fint for dei som kunn skal på middag kl 19.

Utsikt frå Eitrefjell

 Utsikt frå Eitrefjell og stolheisa

 

Sundag 1. september byr Ørsta skisenter på ”topptur”til Eitrefjellet med stolheisa.

Der vil Mats Riise ilag med andre servere heimelaga ”Fjellpizza” med lokale råvarer som fyll. Den kan nytast ilag med flott utsikt.

Bodil Skare vil vere guide og fortelje om fjella.

Dette er ein gyllen mulegheit å kome opp på, eller tilbake til Eitrefjellet for dei som av ulike grunnar ikkje greier å gå opp.

Rune Moltudal ilag med andre ved Ørsta skisenter vil syte for at turen med stolheisa skal verte fin.  Heisa vil gå frå klokka 12 til 16. Ein vel sjølv om ein tek heisa eller beina ned att.  Heisa kostar kr 100.

 

Onsdag 4. september

byr Hjørundfjord kulturvernlag inn  til ”Kulturvandring” i Sæbø og området rundt. Denne turen vil passe alle. Vi startar ved Dampskipsekspedisjonen, det gamle kommunehuset i Hjørundfjord kommune kl 10:30. Det passar fint med buss frå Ørsta.  Dette huset har ei eiga historie, så vitjar vi Hjørundfjord kyrkje, Gamle Rise, så vil vi fortelje litt om Sæbø med eit historisk blikk. Deretter går turen over Hustad bru til Hustadneset, etter det vert det høve ein tur innom Kapteinkvia også.

Etter vandringa vert det lunsj bassert på lokale råvarer på ”Dampen”. Turen er lagt opp slik at ein rekk godt bussen tilbake til Ørsta kl 14:40. Ein kan sjølvsagt kome med bil også.

Her er det fint om folk kontaktar Synnøve på 91326967, så ein veit kor mange som skal ha mat.

 

Torsdag 5. september er det på Bjørke det skjer.

Representantar frå Hjørundfjord kulturvernlag vil vere guide på kulturvandring frå Notanaustet , via naustrekkja,  J-buda, Storfjorden kyrkje, Jettegryta , Erkegarden på Åkre som no vert restaurert, for så å ende opp i Bakketunet på Åkre.

Start ved Notanaustet kl 17.  Inngangpengar til J-buda er kr 50.

Send gjerne sms til 91326967 om du ynskjer å vere med på denne vandringa.

Bakketunet på Årkre

 Gamlestova på Åkre på Bjørke

I Bakketunet vil det bli høve til å kjøpe middag av boerkjelår av finaste kvalitet frå Rasmusgarden på Raustad. Til dette måltidet treng ein minimum 12 gjestar for å lage til.  Det er difor ynskjeleg at interesserte tek kontakt med Martia Bett  på 91108846 innan 1. september.

 

Fredag 6. september kan folk på Sunnmøre få ein konsertoppleving i verdsklasse.

Då kjem Kammermusikkfestivalen med ein nydeleg konsert til Hjørundfjord kyrkje.  Konserten er kl 21.

Dermed passar det ypperleg med middag før konserten på Hotel Sagafjord. Akkurat slik som når ein er på konsert eller andre framsyningar i utlandet. Ein kombinerer middag med kulturopplevingar. 

Difor passar det med middag kl 18:30 når gå avstanden til kyrkja er om lag fem minutt. 

Billett til konserten kan kjøpast i døra, middag tingar ein på 70049500.

Hotellet vil servere to-rettar middag bassert på lokale råvarer.

 

Laurdag 7. September vert det marknadsdag på Sæbø.

Det vert sal av lokal mat. Om lag 12 ulike salaboder. Faginnslag om ”elvagrisar og andre produkt” ved Michael Solhjem. Ørsta Andelsgard vil orientere om kva ein andelsgard er. Bryggjarlauget vil demostrere ølbrygging. Representantar frå Fylkesmannen vil orientere om UKL- ordninga.

Turar til Hovdenakk Hjort frå kl 11- 16. Minibuss køyrer kvar time frå Slettedalshjørnet.

Ørsta vgs sin kokkelinje stiller med smaksprøver av lokale smårettar laga av lokale råvarer.

”Møre frie vikingar” har vikinglandsby på Kapteinkvia. Høve til å lære korleis vikingane levde. Ein får også prøve seg på bogeskyting.

Tilbod om riding på Prestegardsmarka.

Poltisk debatt der alle ordførarkandidatar til valet i Ørsta skal svare på korleis ”få levande bygdesamfunn”.

Hjørundfjord mannskor med minikonsert.

Sal av mat på Dampen. Nilsbuda, Strands bakeri og Galleri Taklo er opne.

 

På Leira er det konsert i Jensaløda kl 12 i samband med Kammermusikkfestivalen.

 

På kvelden vert det ” Mat, øl og historier”- kveld på Dampen. Her vil lokale historieforteljarar kome med historier frå dagleglivet på bygda. Ta det med ro, ingen vert uthengde.  Espen ilag med Ørsta vgs vil syte for god mat. Smaksprøver på øl. Påmelding til Synnøve på 91326967. Ver tidleg ute, her går billettane fort.

 

På Haukely på Bjørjke vert det ” Ganespa” med stjernekokk  Nils Henning Nesje. Dørene opnar kl 18:30. Billettar finn ein på Tikkio. Det vert eit fleire rettars måltid. Maten vert servert med ein god dose humor og ville påfunn. Nøkkelordet er lokalmat med ein twist.  Passar ikkje for vegitrianarar. Det vert muleg å kjøpe korn- og drueholdig drikkepakkar sett saman av vinbonde Nina Viddal. Det vert også open bar.

Bindane påmelding. Aldersgrense 20 år.

Strandabøen naust

Naustet på Strandabøen

Sundag 8. September avsluttar Hjørundfjord mat, kultur, natur for i år med Kulrurceuise til Strandabøen.

Ruta vert lagd slik at folk kan gå på båten ”Sølvkallen” på Standal, Sæbø, Leknes og Viddal.  Det vert lokale guidar om bord for guiding om Hjørundfjorden og kjend guide på Strandabøen. Dagen vert avslutta med sein varm lunsj på Christian Gard på Trandal. Truren heim vert etter same rute. Då får folk sjå heile Hjørundfjorden, uansett kvar ein går på båten.  Dette vert ei flott oppleving. Kontakt Synnøve på 91326967 om du har spørsmål eller vil melde deg på. Dette cruiset er i regi av Hjørundfjord kulturvernlag.

 

Takk for laget i år. Vi planlegg ny Hjørundfjord mat, kultur, natur i 2020. Også då i samarbeid med lokale aktørar og Ørsta næringskontor.

 

Programmet for Hjørundfjord mat, kultur, nayur bør passe dei fleste som er opptekne av nett desse tema.

 

Synnøve Rekkedal Hill

Leiar for  Hjørundfjord mat, kultur, natur 2019.