Fredag ettermiddag tok vi laust med å lage til på grendahuset. Bord og stolar skulle på plass, og ein del av maten skulle lagast til. Laurdag morgen kom grillen på plass og arbeidet med å å få grisen på grillen starta. Når klokka var halv elleve, var både grisen marinert og kolet klart til grilling. Dei gode hjelparane bytta på å passe på grisen heile dagen, og vi i styret laga klart resten av maten som skulle servertast.
Det var nærmare 80 personar på påmeldingslista, og mange munnar å mette. På menyen stod det sjølvsagt heilgrilla gris, potetbåtar, potetsalat, foccacia, couscoussalat, coleslaw (italiensk salat), grøn salatbuffet og fleire dressingar.
Dørene opna klokka 18.00, og maten var tenkt servert rundt 19.30. Vi vart litt forsinka, men alle var einige om at ein ikkje venta forgjeves. Kjøtet blei oppdelt og servert, og det var lang kø for god mat.
Klokka 22.00 var trubadur Siggen klar, og han spelte mange kjende og kjekke songar. Det var mange som leita fram danseferdigheitene og holdt det gåande utover kvelden og natta.
Inntektene frå dansen kjem godt med når vi tek til med arbeidet med den nye utescena i Bondalsparken. Den kjem i tilknytning til huset, omtrent som eit overbygg over storesalen på huset, med støyt platt utanfor. Dette kjem vi meir tilbake til når vi har fått skissene frå dei som teiknar.
Vi sit no igjen med gode tilbakemeldingar og fornøgde gjestar som deltok på dette arrangementet. Sjølv om dette var noko vi i styret ikkje hadde gjort før, så vart det ein veldig kjekk kveld. Vi fekk god hjelp frå gode hjelparar, både til å ordne grill, sjølve grillinga og til å dele opp kjøtet. Dette set vi utruleg stor pris på! Håper alle hadde ein kjekk kveld!
Mvh
styret i Bondalen frilynde ungdomslag,
Leiar: Åse-Lill Leknes Kvistad
Nestleiar: Janne Kristin Aamaas Solhaug
Skrivar: Eva Haugen Øye
Kasserar og delansvar for søknadskriving: Cindy Helen Hoddevik
Styremedlem: Rikke Dahl
Styremedlem: Anniken Samuelsen Gulbrandsen
Styremedlem: Kristine Langdal 1 år igjen - Ansvar for informasjon/marknadsføring
Styremedlem: Silje Solhaug 1 år igjen - Ansvar for informasjon/marknadsføring
Styremedlem: Bernt Arve Hustad
Styremedlem: Kimberly Mari Colclough
Vara: Oddhild Kalvatn - ansvar for søknadar
Vara: Ingeborg Holen
Vara: Andreas Aamås Solhaug - ungdomsrepresentant
Kommentarar