Tua på Sæbøneset.
Ein sprek gjeng møtte opp til start ved skilta, Unni , Lars Petter, Bernt Arve, Øyvind og Hilde.
Litt "small talk" hadde vi god tid til.
Oppover i skogen er råsa godt slitt, mykje folk som brukar denne turen.
Lars Petter og Øyvind.
Ved Nedste Skaret- eller Nedste Scarlett som det kansje kallast, der vart det skriving i boka.
Hengekøya er litt oppreven, litt tvilsom å prøve.
Vidare opp-opp-opp
Ein regnboge viste seg ved Lekneset.
Skodda strekte seg oppover så vi slapp unna den ,heldigvis.
Lars Petter med Trandal i ryggen ,men der låg bygene så det var ikkje så godt å sjå.
Oppe på Tua var det vind og regn, men det letta når vi kom opp!
Hilde, Øyvind, Lars Petter, (Trandal), Unni, Bernt Arve og Bodil.
Små folk i mektig natur.
Sæbø i regn.
Fjella helste i skodda.
Tusen takk for laget på ein triveleg tur.
Neste måndag er det tur til klokkura og Tryvatna.
VEL MØTT!
Kommentarar