Stokkehornet.
Når vi fekk samla troppene ( vi sto på kvar vår ende av dalen) Vart det ein kjapp start oppover mot ryggen til Stokkehornet.
Etter kort tid lysna det og vi måtte lette på antrekket hettene trengde vi ikkje.
No er det så vått at soppen er klar!!!
Hjortespaet er utvida med ei silebane nedover bratta.
Det gjekk kjapt til topps.
Vakkert syn.
Fellesbilde måtte vi ha!
Bodil og Bernt Arve.
Lynet har slege ned varden så svartbrende stein ligg her og der.
Fin egg mot Sæbø.
Linda Stokke vi har lokalisert Chagasopp på skogen din, her har du ei nisje-biintekt!
Vi takkar for laget til dei som gidd og lese om turen, og berre sånn at de veit det: turen var fin og vi fekk god trim!.
Neste måndag vert det tur til Villesetra og Lønndalsmannen.
Vel møtt!
Kommentarar