Vasstøylen og Langhorndalen
Den som vil kan gjerne prøve å lyfte denne steinen som ligg ved lødebrua attmed bommen på Kvistad. Må ha vore ein sterk kar denne Jakob.
Bernt Arve, Fred, Alvhild, Kari, Sunniva med Gustav på magen- klar til tur.
Godt humør og flott turvèr.
Fantastisk å sjå so mykje smørblomst lyser som puraste gull.
Råsa opp til Vasstøylen er slakk og fin å gå.
Før vi veit ordet av det er vi oppe i dalen.
Boka og boksa er klar til bruk, saudene går rundt og fekk smake eple men dei fekk ikkje skrive seg i boka.
Fellesbilde før nokre tek turen nedatt og andre går vidare mot neste mål.
Bernt Arve, Kari, Gustav og Sunniva, Alvhild, Fred og Bodil.
Gustav søv godt,og Sunniva får trimme i godt tempo. Kansje den yngste som har vore på Vasstøylen dette?
Klokkelyng ved Vasstøylsvatnet som er stillt som speil.
Vi nermar oss Langhorndalen.
Hipp hurra, Bodil og Bernt Arve med dobbel selfie!
Då ber det heimover att, no er det lyst lenge men einkvan skal på nattevakt så då er det berre å kome seg heimatt.
Vi går den andre vegen tilbake, idyllisk og fredelig.
Ja, tusen takk for laget på ein flott tur.
Finaste tida med nesten ikkje fluge, lyst heile natta og fin tempratur.
Neste måndag er det Stokkehornet vi skal bestige, vi håpar på finever i allefall opphaldsvèr.
VEL MØTT!
Kommentarar