Det har vore ein lang prosess, men no har resultatet vorte veldig flott og harmonisk. Alle benkane i kyrkja har no fått nye puter. Fargen er vald i samråd med fagfolk. Fargen burde vere mest mogeleg lik fargen på benkane og vart difor i ei  blågrå nyans. Slitesterkt stoff og farge vart så tatt ut hos produsent Fjord Fabrics i Ørsta. Sjølve produksjonen av putene er utført av Hjelle og Dale i Dalsfjorden.

Prisen kom på 110 000 kr. Mange givarar har bidrege til at vi klarte å samle inn ca 75 000 kr.Tusen takk til alle som har bidratt.

Når ein Vippsar i offringa i gudstenesta går desse pengane til sitteputer. Ein Spleis aksjon på Facebook gav også ein god sum. Som de ser av reknestykket er vi ikkje heilt i mål enno. Underskuddet vil bli dekt av disposisjonsfondet, men vi vonar at her framleis er vilje til å bidra slik at vi slepp å nytte oss av det.

Soknerådet gler seg over denne investeringa. Vi tenkjer at det er bra at ein får sitte behageleg i kyrkja vår både til gudstenester og konsertar, og at dette har positiv  inverknad på folk si oppleving av å vere i kyrkja. 

Kva så med dei gamle putene? Dei er sletne men vi tek vare på dei. Kanskje har du ein ide til kva dei kan nyttast til? Så sei frå til ein av oss i soknerådet. Dei enkle gamle putene ligg bake i kyrkja og kan nyttast i ryggen om ein har bruk for det.

Dei nye putene vart innvia av koret Stemt som fylte kyrkja heilt opp til konserten sin 29 mai. Og med tanke på at Hjørundfjord kyrkje vert profilert som soknets beste konsertkyrkje er det enno meir stas og opne dørene til fleire gode behagelege konsertopplevingar i framtida.