Gardsdag på Hjørundfjordheimen.
Linda kom med dyr, to ponnya og bokken Blåmann. Unn lånte oss tre høner, og Arnljot , Drengen vår slo gras og tok ansvar for hesa og då kunne vi få til ein gardsdag i ei fart. Kva gjer ein utan slike gode hjelparar? jau ,-då vert det ingenting gjort!
Folk og dyr strømde på, endå det vart bestemt i ei fart at i dag vert det Gardsdag, litt forenkla versjon.
To søte ponnya var nok hovedattraksonen for desse jentene.
Lars Jarle ga dei litt gras og det ville dei gjerne ha.
Sjeldan har dei vore strigla, børsta og klappa so lenge.
Trur dei smilte både dei som klappa og dei som vart klappa.
Solveig kosar seg med å klappe slike gode ponnyar.
Sebastian fann ein akkurat passe stor hest, medan Hildegunn pasar på.
So var det på tide å hesje, Astrid kunne gamle kunster.
Gudny, Elisabeth og Liv kosa seg på tilskodarplass.
Karl og Hans vart sveitte av å sjå på.
Alvhild og Elbjørg.
Ragna, Gudny, Liv og Else kosa seg men det var godt å ha gode pledd når vinden kom.
Attmed ponnyane heldt dei på varmen, her var det fletting og frisering på høgt plan.
Budeiene raka.....
Både eine og hi.....
Arnljot som er hesjedrengen vår fekk mange gode hjelparar, å strengane vart fyllte ein etter ein.
Blåmann kika på alle som var der, verdens snildaste bukk.
Hesa vart høgare og høgare.
Mange som kom forbi, stakk innom for å sjå.
Alle var i sving med gras, dyr og å fylje med.
Nokre såg på frå platten.
Haldis hadde plukka sommarblomster som borda var pynta med.
Symbolet på midtsommar.
Hønene til Unn hadde vi fått låne, dei la eit egg som nokre kjeller har lagt til ruging......
Alvhild , Elbjørg og Karl synest det var mykje å sjå på.
Mange ville hjelpe og fleire hesja for fyrste gong. Andre var erfarne i "gamet".
Desse karane var lydhøre og fekk lære av Arnljot både det eine og det andre i hesjekunsten.
Jenny ville høyre om Blåmann lika surgras, det gjorde han.
Sebastian helsar på Blåmann.
Ponnyane fekk kose seg med litt havregryn.
No er snart hesa høg nok, Blåmann og Arnljot er begge godt fornøgde med arbeidet.
Gunnar og Julie.
Alvhild, Elbjørg, Alvhild, Bjørg, Bente og Borghild.
Litt kos og klapp måtte Blåmann få sidan han er so tolmodig og snill, jentene var litt skeptiske for han hadde enorme bukkehorn.
Dagen vart avslutta med konsert med Leif som song og spelte trekkspel til oss.
Bodil, Linda, Arnljot, Leif og Oddhild var godt nøgde med dagen.
Ponnyane reiste heim med fletter i manen.
Budeiene var blide og fornøgde, drengen likeså.
Hesa står der so no treng vi sommarvèr.
Peonane blømer i finaste stas...
og det gjere sommarblomstrane også.
Husk å blomstre litt du også, for no har sola snudd og om eit halvår er det vinter att!!!!
Kommentarar