Årskogstøylen og Høgereset.
To gamle travarar mtte opp til tur, vi har gått åleine før og kan gjerne gjere det fleire gonger. Kari og eg.
Plutseleg ser vi nokre prikkar som nermar seg, Monica og Irene i fullt driv for å nå oss att.
Heisan, då vart vi fire på tur.
På vegen finn du hole for folk og fe...
Blomstrande klokkelyng.
Skrubbebæra og Tyttebæra blomstrar om kapp.
Brått so var vi på Årskogstøylen.
Der var velkomstkomiteen klar og helsa på oss.
Oppe i dalen var snøven nyst reist så graset har ikkje vorte grønt endå.
Mykje snøv i breen.
Her er ein botanisk sensasjon, Grepplyng som er kvit, ei stor tue og ei mindre like ved.
Stor tue som no er avblomstra.
Den vanlege Grepplyngen er rosa og står i full blomst no.
Mykje snøv i dalen og is på vatnet.
Regnbygene sto i kø i Fladalen og på Standal.
Medan mot Bondalen var det opplett, så vi velgde rett veg.
Vi vandra nedatt og hadde hatt ein fin lang tur i godt terreng, tørr rås og snøfritt heile vegen.
Tusen takk for laget på ein andre pinsedag.
Neste måndag er det tid for å bestige Tua på Hustadneset.
VEL MØTT!
Kommentarar