Etter nokre veker med ny vinter har vi gjort avtale om godt sommarvér og satsar på at dette vert ein kjekk dag også i år.

Urke gartneri og Oddvar Årsetøy vil selge flotte sommarplanter på plassen utafor bedehuset på Sæbø.

Inne på bedehuset vert det sal av kaker og smørbrød kl. 11.00 - 15.00.

Gravdag

Nilsbuda opnar for 10. gong denne sommaren og omlag femti leverandørar av kunst og handverk arbeider på spreng for å kunne levere flotte varer til sommarbutikken. Dei held ope kl. 11. - 16.00 kvar helg i juni og august. I juli vil dei halde ope kvar dag.

Inne

Galleri Taklo opnar denne dagen og Sæbø DS Ekspedisjon arrangerer loppemarknad på plassen utafor kl. 11.00 - 14.00.

Loppemarknad

Loppemarknaden: I år som i fjor, vil konseptet være slik at dei som ynskjer å vere med stiller med eige bord (som ein sjølv har med) og rigger seg til i sentrum, i forkant av Sæbø DS Ekspedisjon/Dampen og Nilsbuda. Du sjølv står for salg, inntjening og opprydding av eigen «stand». Kor lenge du ynskjer å stå, vel du sjølv. 

Du kan selge det du måtte ynskje, fra gamle skattar, retro, pyntegjenstander, klenodium, barneklè, turutstyr, diverse utstyr, leike, kle etc. Det du sjølv ikkje ynskjer å ha/treng, kan være ein skatt for ein annan, og gjenbruk set vi stor pris på.

Vi ynskjer at dette arrangementet skal vere ein loppemarknad og må difor takke nei til henvendelser knytta til diverse handtverk, saum etc.

Vi håper også i år på god oppslutnad, men for å halde ei viss oversikt hadde det vært fint om du/dykk melder di interesse til 95172642 v/Anja.

Hald av dagen, dette skal verte kjekt!