Det kan vere vanskeleg å verte samde om korleis vi skal få ned klimagassutsleppa på ein best mogleg måte, men dei aller felste av oss vil ikkje at plast skal ligge/flyte rundt om, korkje på land eller sjø.  Plast er eit stort miljøproblem.  Det gjeld også restar av plast og rundballeplast frå landbruket.  Dette veit sjølvsagt også vi som er gardbrukarar.  Difor har vi også blitt langt flinkare til å plukke opp plastrestar etter oss.

Men t.d. i nærleiken av lagerplassar for rundballar vil det gjerne ligge igjen litt restar av rundballeplast.  Om vi ikkje plukkar opp desse restane, vil plasten til slutt hamne i sjøen.

Difor vil  styret Hjørundfjord bondelag oppmode alle gardbrukarar i Hjørundfjorden til ein plastryddedugnad og det no til helga, dvs. i tidsromet 3. - 5. mai.  

Vi ber om at kvar enkelt bonde, om det ikkje allereie er gjort,  om å plukke opp plastrestar på sin eigedom, langs offentlege vegar på sin eigedom og ikkje minst langs elvebardar, t.d. elvebarden av Bondalselva.  Vi veit at det denne helga er konfirmasjon og at det difor kan vere vanskeleg for fleire å plukke plast i løpet av desse dagane.  Men i så fall oppmodar vi om at plasten vert plukkast opp snarast råd.  Plasten flyg lett av stad og det kan vere irriterande for ein flink ryddar om plast frå naboeigedomen kjem flygande med vinden.

IMGP1815b

Gul rundballeplast kan kvikke opp, men når han har gjort nytte for seg, fjernar vi all plast og køyrer han til VØR (gratis) i Hovdebygdda.

På Sæbø vil Miljøpartiet De Grønne (MDG) /Frida Gillberg vere ansvarleg for ryddeaksjonen.

Viljen til å rydde plast har auka svært så mykje siste åra, men likevel ligg det igjen både ny og gammal plast.  Etter denne aksjonen vil vi finne langt mindre plast.

Lykke til.

P.s. Ver snill og legg denne saka ut på facebook der det måtte passe.

Helsing Hjørundfjord bondelag.