Kyrkjevala i 2009, 2011 og 2015 vart halde samstundes med offentlege val (stortingsvalet i 2009 og kommune- og fylkestingsvalet i 2011 og 2015).

Valdagane er: (08. og) 09. september 2019.

Røysterett

Alle som er oppførde som medlemmar i Den norske kyrkja, som står i valmanntalet, og som fyller 15 år eller meir i løpet av 2019, kan røyste. Alle røysteføre skal få tilsendt valkort der ein vert informert om tid og stad for valet. Valkortet skal vere medlemmar i hende innan førehandsrøystinga startar 10. august. Den som er medlem i Den norske kyrkje og ikkje mottek valkort, bør/kan kontakte kyrkjekontoret for å få retta opp opplysningane i Den norske kyrkja sitt medlemsregister. Medlemsregisteret er grunnlag for kyrkjeleg manntall. Den som mottek valkort, men ikkje er medlem i Den norske kyrkje, kan gå fram som skrive på valkortet for å verte sletta frå medlemsregisteret.

Kva oppgåver har soknerådet? ”Soknerådet skal ha si merksemd retta på alt som kan gjerast for å vekkje og nøre det kristelege livet i soknet” (kirkeloven § 9). Rådet skal legge til rette for det lokale livet til kyrkjelyden med trusopplæring, gudstenestearbeid, omsorgsarbeid (diakoni) og kyrkjemusikk.

Kva oppgåver har bispedømmerådet? Bispedømmerådet skal fremje samarbeid mellom sokneråda og andre lokale arbeidsgrupper i bispedømmet. Bispedømmerådet tilset sokneprestar og fordelar statlege tilskot til stillingar innanfor undervisning, diakoni mm.

Det vil kome annonse i avisa når valmanntalet er klart til offentlegggjering og datoar for førehandsrøysting og røystekrinsar for sokna våre.

Soknerådsval i HJØRUNDFJORD SOKN

Nominasjonskomiteens liste

  1. LISBET VATNE NIELSEN, f. 1972
  2. REGINE SOLBERG AKLESTAD, f. 1986
  3. HÅVARD AKLESTAD, f. 1980
  4. INGEBORG HOLEN, f. 1999
  5. HALLVAR MO, f. 1980
  6. GRETHE WIBEKE HOLEN, f. 1960
  7. ELIAS INGE ØYE, f. 1953
  8. JORUNN KARIN TVERGROV KALVATN, f. 1964
  9. ARVE RØDVIK, f. 1969
  10. SØLVI ANITA VIDDAL HUSTADNES, f. 1982
  11. HEIDI GULLSTEIN LEKNES, f. 1963
  12. HEIDI MERETE MIDTFLÅ, f. 1971
  13. JORUN-KARIN BJØRDAL, f. 1986
  14. JETMUND ØYE, f. 1981
  15. OLE PER VILLE, f. 1970
  16. MARIT SKARE REKKEDAL, f. 1964

 

Soknerådsval i STORFJORDEN SOKN

Nominasjonskomiteens liste

  1. HILDEGUNN MORK, f. 1961
  2. CAMILLA GJELSVIK, f. 1982
  3. BJARTE SELLEREITE, f. 1965
  4. SIGURD BOGEN SAURE, f. 1992
  5. RANDI MYKLEBUST, f. 1992
  6. MARIA NIKKINEN RØRSTAD, f. 1987
  7. OLE JOHAN LEIRA, f. 1958
  8. JØRN OLE VIDDAL, f. 1991
  9. SVEIN MAGNE HOMBERSET SKJÅSTAD, f. 1978

http://www.ikyrkja.no/web/PageND.aspx?id=194403