Fyrste turen vert 29 april, vi tek turen til Drageskaret, og går på Sandviktua eller Storehornet som det også heiter.

Foto frå toppen, som Hilde tok ein prøvetur til i april, kan fortelje om ei flott utsikt.

6. mai tek vi ein reprise til "Pølsa" eller Okla som fjellet eigentleg heiter. Vi startar i Rystefeltet.

13. mai endå ei reprise, nemlig Hestehornet der går vi frå Krøvelsetra.

Alle desse tre turane har vi samkjøyring frå Søbø sentrum.

Fyrste turen startar vi frå Sæbø kl 16.30.

Vi tek med kr. 50 til sjåførane, og vi håper det vert fint vèr.

Husk gode kle og gode sko.

VEL MØTT!