Hjørundfjord matfestival skal i år arrangerast på Sæbø helga 7. og 8. september, no som del av ei utvida veke med fokus på mat, kultur og natur i Hjørundfjorden. Dette er ei vidareføring av Hjørundfjord matfestival som var på Bjørke i regi av Ørsta næringskontor og frivillige i september 2018.

 Det er nedsett ei nemnd som jobbar tett med Ørsta næringskontor som har det overordna ansvaret både for innhaldet og det økonomiske.

 Desse er med i nemnda som planlegg Hjørundfjord mat, kultur, natur.

Synnøve  Hill , leiar av nemnda, ho har med seg  Bodil Skare, Øyvind Taklo, Nina Viddal, Marita Bett Åkre, Maria Nikkinen Raustad, Kjell Arne Årseth, Per Atle Røe og Magne Larsen. Odd Magne Vinjevoll representerar Ørsta næringskontor.

Måndag 8. april ynskjer vi i nemnda å be inn til eit idémøte på Hotel Sagafjord kl 19:00.

Vi har vore i arbeid i vel ein månad, ein del ting er alt planlagt, men vi ynskjer tilbakemeldingar og idear.

Hjørundfjord mat. Kultur, natur skal ikkje vere ein ny storstilt dugnad.

Vårt mål som sit i nemnda er at vi skal vere ansvarleg for tilrettelegging, marknadsføring og sette ramma. Vi ynskjer at kvar aktør som er med på å lage til arrangement, skal ha inntekt på sitt arrangement.

 På møtet måndag vil vi presentere det vi har til no- så jobbar vi ilag med idear som kan kome næringslivet og nye aktørar innan reiseliv, oppleving, kulturtilbod, naturtilbod til gode, så dei får presentert seg og vise at Hjørundfjorden er meir enn ei vakker kullisse.

 

Vi har håp om å samle å få mange til Sæbø. Ambassadørar for Hjørundfjord mat, kultur, natur kan vi alle vere.

 

Ta med gode idear og møt opp. 

 

På vegne av nemnda,

 

Synnøve Hill