Då eg tok til å studere bileta, så fanst det bilete frå både før og etter at elva var forbygd.

Det hadde seg slik at tanta til Oddbjørg, Synnøve tente i lensmannsgarden i 1933, det året elveforbygging vart bestemt. Og i 1936 overtok ho tenesta etter mor til Oddbjørg, som skulle gifte seg.

011

Her er det tidlegaste fotoet. Her er ikkje elva forbygd. Frå høgre ser me Torstein Riise, (Larsa-Tott). Bertha Riise, g. Viddal. Ingebrigt Riise,( Lensmanns-Brikt). Den siste er usikker.

010

Her er brua sett frå Hustadsida. Det er eit enkelt byggverk som heng i løypestreng. Det var ikkje ufarleg når plankane var isa. Det kan Andreas Hustad skrive under på. Han datt ned på granden med ei parafinkanne i handa. Han kom forslegen heim att, men fekk ikkje anna trøyst enn at det var "styggeferde".

Andreas trur at det kan vere Ragna Årskog til venstre på biletet.

 

012

 

Her er Bertha Riise med til høgre, 3-4 år seinare. Som ein kan sjå er forbygginga på plass. Det største arbeidet som er utført med handemakt i Bondalen nokon gong.