På Sæbø bedehus er det stor aktivitet med barnekor, mannskor, strikkekafé, filmteater, konfirmantopplæring og utleige til ymse selskap,

Etter ein lang vinter må vi vaske grundig og rydde opp både ute og inne.

Styret for Sæbø bedehus er ikkje mange og vi vert veldig glade om så mange som mogleg av brukarane av huset kan hjelpe oss på laurdag.

Jo fleire vi er, dess raskare vert vi ferdige.

Ute har vi eit staudebed som treng opprydding.

Det må kostast utanfor inngongen; der er mykje sand frå ein vinter med islagd plass.

Inne må vindauger pussast og det må tørkast støv og vaskast.

Stolar og bord må kontrollerast og (eventuelt) vaskast.

Mykje godt arbeid, men er vi effektive går dette unna.

Vi vil sette av tid til både ein og to kaffipausar.

Vel møtt!

Styret for Sæbø bedehus.