Men no treng me å fylle opp den nystifta sjakklubben med medlemer frå bygda og fjorden! Dette skal være eit lågterskeltilbod, og klubben skal være for både born, ungdom, vaksne og pensjonistar som er interesserte i sjakk på eit eller anna nivå. Ein treng ikkje være spesielt god, ei heller kunne reglane fullt ut. Her lærer vi av kvarandre. Interesse og det å være litt nyfiken på sjakk er det viktigaste. Så bygger vi klubben rundt dette for folk i alle aldrar. 

Vi kjem til å arrangere lokale spelekveldar med jamne mellomrom her på Sæbø, fyrste gong allereie før påske, eller i påska.

Det vil være ei medlemsavgift (årleg og til passeleg sum for bevisste sunnmøringar :) Kanskje ca kr 300-400,- i årskontigent for vaksne, og rundt halvparten for barn/ungdom. Så kan vi investere i litt brett og klokker til spelekveldar. Det gis også støtte frå Norges sjakkforbund om vi melder oss inn der. Vi kjem til å lage ei facebookside for medlemer for info og diskusjon. Informasjon om aktivitetar vert også lagt ut her på Hjørundfjordportalen.

Ta kontakt med nokon i Styret dersom du er interessert i å være med i klubben, så kjem vi i gong!

Om nokon har spørsmål så ta kontakt med Arnar tlf 48354809, eller Alf Ole på tlf 90168677.

20190201_210940