Babytreff på Hjørundfjordheimen.

CIMG0010Vår kjære kimberly som nettopp har fått jenta Sophia kom innom oss og vi slost om å få låne lissjegollje.

HjørundfjordheimenNokre har ferskare erfaring enn andre, også dei vil låne. liv Grethe og Sophia helsar på dei i fyrste etasje.

HjørundfjordheimenSolveig likar å få låne slike smågull. Elbjørg kosar seg med å få sjå.

HjørundfjordheimenStor stas vart det når barselgruppa som no har vorte babygruppe kom til oss ein dag, alle desse er fødde i 2018 unntatt ei som kom dagen før det nye året.

HjørundfjordheimenKosa seg med Baldrian og leiker, mykje spennande å sjå både for oss og for dei.

HjørundfjordheimenVeldig kjekt med slike små, mange kjekke minner dukkar opp og livet vert opplevd på nytt.

HjørundfjordheimenDei som bur på Hjørundfjordheimen synest at ungane har så mykje føre seg no, ja dei er ivrige og kontakta var der med ein gong.

HjørundfjordheimenKaren fekk låne Ola, begge sette stor pris på kontakta.

HjørundfjordheimenLiv kosa seg med å halde Edith kanutte, begge strålte som sola.

HjørundfjordheimenMartine hadde allereide kontrollen på gåinga men det var kjekt å krype litt også.

HjørundfjordheimenSigne gjekk og sprong, ho er fødd dagen før 2018 tok til så ho er eit år eldre enn dei andre, men Baldrian ville ikkje dele maten sin med henne, han passa godt på.

Hjørundfjordheimen

Astrid var begeistra for alle desse fine ungane, og dei fekk låne litt våra kosetroll, Anna og Jenny.HjørundfjordheimenMarit med Edith Kanutte, Anette med Mathea, Frida med Falk, Inger Anne med Martine, Eva med Ola og Anna Elise med Signe.

Tusen takk til alle dokke som ville kome til oss vi håper dette kan gjerast fleire gonger for dette sette vi stor pris på.