APRILPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater!

Det er tid for dei siste tre filmene for semesteret den fyrste helga i april!

Fredag 5. April har ungdommen i bygda sjølv valt ut filmen BOHEMIAN RHAPSODY, og dei inviterer til Queen-kveld hos oss. Bli med, og ta med deg dei andre i klassen, her er det ope for ALLE ungdommar. Kiosken er open med varm nypoppa popcorn og iskald brus.

BR

Søndag 7. april er det fyrst barneframsyning med DEN UTROLIGE REISEN. Dette er ein film sikkert mange foreldre har hatt som barn, og derfor ekstra kjekt å sjå den saman med eigne barn? Filmen er spennande, morosam, og tilleten for alle. Både hund og katt snakkar norsk! Dyra må kjempe seg gjennom den amerikanske villmarka for å kome seg heim att til familien sin. Litt av eit eventyr!

Homeward-Bound-The-Incredible-Journey-DI

Same kveld er det vårens andre Filmsalong hos oss. Vi avsluttar semesteret med DET HVITE BÅNDET. Temaet er i vår fyrste verdskrig, men vi skal her ikkje til britiske soldatar i franske skyttargravar, men til tysk sivilbefolkning like før starten på krigen. Eit anna perspektiv i Hanekes meisterlege moderne klassikar. Ein drivandre dramathriller som vann mange prisar, mellom anna Gullpalmen i Cannes. Vel møtt!

white-ribbon