Fredag 01. Februar er det klart for Sjakkafé på Sæbø DS Ekspedisjon. Det turnering for dei som ynskjer å vere med på dette, og vinnaren kan då kalle seg Sæbø-meister i sjakk!

Aktivitetsgruppa på Dampen har fått med seg Jan-Erik Hansen frå Volda ,som er ein erfaren sjakkspelar. Han vil organisere konkurransen, samt ha med utstyr, brett, brikkar osb.  

Om du berre vil spele for moroskuld, evt berre sjå på, er det også i orden. Det blir mogeleg å kjøpe kaffi, te og kakar. Arrangementet er alkoholfritt, og det oppfordrast for barn også å kome og spele sjakk.

 

NB! Du må melde deg på! Send melding til Thomas på tlf 93292172

 

Helsing Aktivitetsgruppa på Dampen.