JANUARPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater!

Laurdag 12.1 startar vi med barnfilmen KIKIS BUDSERVICE frå det japanske Studio Ghibli. Dette er ein kjempeflott kvalitetsfilm for alle barn, både dei små og dei store. Norsk tale og flott restaurert versjon.

kiki

Copyright bilete: Arthaus

Same kveld er det fjorårssuksessen BJARNE VIL IKKE PÅ FILM, og regissør Weronika Nitsch kjem til Sæbø på visninga! Her kan du anten sjå filmen igjen eller for fyrste gang, og snakke med regissøren!

bjarne

 

Torsdag 24.01 er det klart for Filmsalong med tema "Fyrste verdskrig". Det blir ein slags noregspremiere med dokumentaren THEY SHALL NOT GROW OLD, ein splitter ny film med restaurerte farger og lyd, eit helt unikt dokument! Historikar og 1. amanuensis Ola Teige frå Høgskulen held introduksjon til filmen. Vel møtt!

old

Copyright bilete: Filmbank

Her er program og programtekst for våren 2019:

film

film 2