Naturen og klimaet har påverka folket i Hjørundfjorden i all tid. Busetnaden er står på nøye utvalde områder, men ikkje alltid er valet det rette, og katastrofa har vore stor.. Då har indre krefter og kjærleik for heimstaden bygd krefter til å etablere seg på nytt på ein sikrare stad. Folket i Hjørundfjorden vaks opp med farene knytt til fonnene som ein naturleg del av kvardagen. Dei hadde lokalkunnskap for sitt område. I dag er vegane og busetnaden sikra med fonnvern. Klimaet er mildare og det kjem mindre snø.. Men kan fonnene kome på andre stader ettersom snø fell på andre vindretningar? Det er viktig at vi tek med oss historiene frå tidlegare tider, som viser dei store katastrofene som har påverka folket langs fjorden..

Den største faren og redselen i dag, er nok knytt til frivillig ferdsel i fjellet.. Utstyret er betre enn nokon gong, og mange kjem langvegsfrå for å oppleve fjella i Hjørundfjorden.. Kan vi formidle lokalkunnskap og historie på ein interessant måte til turistane?

Kom med tips til styret i kulturvernlaget, enten som kommentar her, eller til ein av oss som sit i styret. Synnøve Hill, Yngve Frøland, Jørund Aklestad, Eldbjørg Tvergrov, Kjell Arne Årset, Torbjørn Saure Hoel, Monika Riise.  Vi håper på mange gode innspel for vidare arbeid.