FEBRUARPROGRAMMET på Hjørundfjord Filmteater.

Vi har hatt ein svært god start på semesteret med godt over 80 publikum fordelt på dei tre framsyningane i januar, dette er kjempebra!

Søndag 10. Februar er det fyrst barnefilm med INNSIDEN UT. Her skal vi på innsida av 11-åringen Riley - der bor dei ulike kjenslene hans: Glede, Sinne, Sorg, Avsky og Frykt. Ei fantasifull og lærerik reise - og kanskje kan du lære noko om dine eigne kjensler? Aldersgrense 6 år.

Innsiden ut

(Copyright: Pixar) 

Same kveld er det tid for fjorårets store svenske film GRENSEN. Ein svært original film med blanding av kjærleik, litt humor, krim og det overnaturlege. Makan til historie har du ikkje vore borti før. Dette er ein spesiell film - men ein film du kjem til å hugse, og som verkeleg gir inntrykk med avtrykk!

Grensen

(Copyright: Another world entertainment) 

Vi legg også ut hending for hovudframsyninga i vår i mars, stumfilmkonserten med Opera Sinfoniettaen frå Kristiansund som kjem med “The New Babylon” i Hjørundfjord kyrkje. Her er det berre å melde si interesse!

Velkomen til oss på filmframsyning!