Audun Myskja.

Audun hadde uventa takka ja til å kome på eit privat arrangement i regi av Hjørundfjordheimen. 

Han syntest det var kjekt å få kome til ein stad der alle kjenner alle og folk bryr seg.

Mykje av det som er viktig i livet må ein til tradisjonsrike urfolk for å finne, her i Bondalen mellom kvasse tindar har vi alle mogeligheiter til å ta vare på kvarandre gjennom naturen og miljøet vi har.

Han har skreve fleire bøker som vi kan anbefale folk  å lese.

HjørundfjordheimenBorda var dekka til fest.

HjørundfjordheimenSmå or som pynta opp med litt å tenkje på.

HjørundfjordheimenVi hadde fått mange flotte gevinstar som skulle loddast ut.

HjørundfjordheimenFull sal og forventningane var store.HjørundfjordheimenSnart fullsett og klar til start.

HjørundfjordheimenBodil ynskte alle vel møtt med eit dikt av Kirsten Ose.

HjørundfjordheimenDå var det tid for Audun Myskja, han er ein inspirator og Mentor av dei sjeldne.

HjørundfjordheimenMed song og kloke råd fekk vi mykje å tenkje på.

HjørundfjordheimenTil takk fekk han eit "heimespøta" sitteunderlag strikka av varme bestemorhender på Hjørundfjordheimen, av Anne Helene.

HjørundfjordheimenEit bilde i lag med gjengen som fekk til dette på dugnad, tusen takk for god innsats.

HjørundfjordheimenSo eit baksidebilde , ein bladfykar kom på scena og ville ha bilde av oss, då vart det slik.

Vi vil takke Rune Mo som ordna lyd og tekniske dingsa til oss.

HjørundfjordheimenTil sist fekk vi to flotte musikalske innslag av Tor Eivind på gitar og Karoline som song. Vakkert og stemningsfullt, tusen takk til dei også.

Etter ei runde med loddsalg under kaffi og kaker, vart det tekking .

So fekk alle gå heim å starte på resten av livet med gode råd på vegen.

LUKKE TIL, OG TAKK FOR LAGET.