Julebord.
Det vart fullt rundt bordet i 1.etg. når bebuarane og innbudte hadde teke plass.
Det var god stemning og mykje godt prat rundt bordet.
Datoen er heilt på villspor....
Per og Lars Jarle.
Bjørg, Åse, Magna og Ruth.
På Dalastova kosar Else, Synnøve, Gudny, Liv, Astrid, Annlaug og Svanhild seg.
På Fjordstova er det Ingebjørg, KnutRagnar, Ranveig, Karen, Hans og Ruth som blir servert av Anne Katrin.
Vi var så heldge at Sigrid Tønnesen og Sindre Løvik kom og sang og spela til oss!
Eli Sporstøl las ei historie om presten som kokte graut frå krigens dagar.
Julebordssangen vår.
Mary tok vegen til Sæbø saman med Linda for å helse på oss, her saman med Ragna.
Anne og Edel ryddar og vaskar opp.
Cindy tek også ansvar. nedom ser vi Kimberly, Mari-Anne- som er primus motor for dette arrangementet, og Edel.
Eit flott tiltak som vi håper vil verte tradisjon i mange år framover med mat frå vårt eige eminente kjøken.
Romjulsfest.
Fin sang og pianospel av Anette og Karoline.
Mykje folk var innom og vi fekk to ringar rundt treet.
Alle dei kjende og kjære julesongane song vi.
Stor stas å få sjå for dei som ikkje lenger kan gå.
Kjøkkenet stilte med kaker og kaffi og folket kosa seg.
Manuela og Sverre.
Tordis, Jorun og Oddny.
Andrine og Aurora sang fint til oss.
No er romjula over og vi på Hjørundfjordheimen vil ynskje alle eit GODT NYTTÅR!
Kommentarar