Jul i heimen!
Svanhild kikar i julepyntet , kva kuler skal vi bruke?
Svanhild, Synnøve og Liv har pynta treet i gangen.
Då er det serinakaker neste, desse er gode.
Liv og Astrid kan sine saker.
Svanhild brukte også å bake serinakaker til jul.
Her er det måling av julemanna, Liv, Gudny og Else dekorerer kunstnerlig.
Bodil og Astrid bakar og trykkjer ut.
Heile gjengen er i sving med måling.
På Luciadagen kom 1. og 2. klasse og song for oss. Det er alltid stas.
Barnehagen kom også, dei delte ut Lussekattar så alle fekk smake.
Anna og Bjørg vil gjerne smake!
Ellen også fekk.
Denne jenta fann tante Liv Grete her.
Akvariet er alltid populært.
Julekrybba var også spennande.
Skuleelevane syng i 1. etg.
Der er mange framtidige songarar!
Hjørundfjord mannskor kom også å song til oss, flinke er dei!
Mange tilhøyrarar.
Kjekke karar og ein (ei) flink dirigent.
Rekkja med damer i lag med alle "Mercedesane" sine.
Denne dagen er det Åmås friskule som syng til oss.
Andrea Fivelstad held konsert på piano.
Heile flokken er klar og kosar seg med vakre kjende tonar.
Andreas Årseth spelar trekkspel til oss på Dalastova, flott og fengande.
Med litt godt i koppen til er dette reine "julekvelden".
Liv seier at dette skulle vi hatt oftare, og alle var einige i det.
Ordførar Stein AAm kom og ynskte oss GOD JUL!
God jul til alle dokke også!
Kommentarar