Det er snart klart for den årlege 3.dagsfesten på Bondalen Grendahus, og du kan no kjøpe billett på Bellingen eller Joker på Sæbø. Det vert ein heilaftan med fyldig program. Det vert både humor, song, årets bondaling, lagsbok, Korsong av Åmdalen Berre Damer, og mykje anna kvalitet.

Kiles Trio spalar variert dansemusikk etter maten og programmet.

Det vert matservering og loddsal med flotte premiar.

3.dagsfest 2018 (Layout: Mats Riise)