NOVEMBER og DESEMBERPROGAMMET på Hjørundfjord Filmteater! 
Fyrst ut er torsdag 15. November med western-klassikaren THE SEARCHERS frå 1956. Dette er ein av dei verkeleg store, ikkje berre innan sin sjanger, men i filmhistoria generelt. På den eine sida ein klassisk cowboy-film, men så mykje meir! John Wayne er i storform som den komplekse Ethan. Og ein fantastisk restaurert versjon. Kom deg opp på hesten og kom!

searchers

Copyright: Filmbank. 

Søndag 2.desember er det fyrst barnefilmar med IVO CAPRINOS EVENTYR, fleire av mesterens eventyr for barn i alle aldre. Vi ynskjer mange barn her, både dei som har sett dei før, og dei som ser dei for fyrste gong. Obligatorisk for store og små!

caprino

Copyright: Caprino studios

Same dag er det tid for haustens andre filmsalong, under temaet “oppvekst”. Dokumentaren STORIES WE TELL tar for seg regissørens eigen familie, der ho må nøste opp korleis det heile heng saman. Mora døde då ho var ung, og for å lære ho å kjenne må ho intervjue slekta si. Då kjem historia fram, men på ei litt anna måte enn ho hadde tenkt. Dette er ein hjartevarm, tankevekkande, morsom og original dokumentar som går rett i hjartet ditt. Denne kjem du til å like!

stories

Coyright: Arthaus