Løfsebaking.
Åshild , Annlaug og Oddny bakar løfser.
Anne Margrete og Astrid i full sving.
God stemning når kjøvla rulla, minner om svunne tider for somme.
Borghild og Alvhild har mykje erfaring på dette feltet.
Også Bjørg kan sine kunster, Åshild er steikjar.
Driftige damer i sving over heile stova.
Etterkvart vart det nesten storproduksjon, og mange ville vere med på leiken.Nysmurde løfser, det beste som finst!!!!
Alvhild, Anne Margrete, Judith og Åshild.
Tusen takk til desse damene som kom å berga løfseleveransa til jul.
Mest av alt skapte ei triveleg stund for alle på Heimen.
Etterpå kom Røde kors pasientvennar, dei vi kalla syngedamene- og då vart det songstund.
Annakvar tirsdag ettermiddag, då er det høgtid.
Eli har cd samling med tonar som er kjende, så syng vi til alle saman.
No måtte vi pusse mjølet av skona etter løfsebakinga, kan hende et vert ein svingom-kven veit.
Husk å svinge med på livet, det er her og no- god bakst!
Kommentarar