Klikk på fotoa for å få dei i stor versjon.  Alle foto:  Knut Hustad.

Ja visst var det kaldt ute, men  inne på Dampen/Sæbø DS Ekspedisjon hadde arrangøren likevel fått opp god temperatur og ikkje minst varma musikken som jazzbandet 4th step of Christmas spelte, både kropp og sjel.  Bandet er frå sørlandsbyen Grimstad.  Frontpersonen Tor Grunde Simonsen har rett nok blitt eingod hjørundfjording, men opphaveleg er han frå Grimstad.  Dei tre andre i bandet kom køyrande til Sæbø med ein liten bil og stor kontrabass.  I tillegg til desse fire, var pianisten/mannen på tangentinstrument, John Inge Leira Bjøriungsøy frå Leira inst i Hjørundfjorden, innhyra som gjesteartis.

Konsertlokalet ligg  på kaia på Sæbø og inntil nyleg heldt Thomas Hustad til her.  Han brukte lokalet til m.a. trelastlager.  Tidlegare vart lokalet brukt til m.a. lager av kraftfòr. Og  fredagskvelden ar der altså konsert.  Lokalet var pynta til julekonsert, akkurat slik som det skulle vere.  Og når Espen Frøland si jordskokksuppe vart servert og god drikke var å få kjøpt, ja, då måtte det bli suksess.  Det er ikkje til å undrast over at konsertlokalet var fullt.  Det einaste negative som var å høyre, var at bandet skulle ha spelt meir.

Og kva så med musikken? Sjølvsagt var det jazz, men i musikken var det t.d. ingen problem med å også kjenne igjen salmar som "Det hev ei rosa sprunge" og "Nordnorsk Julesalme".  At Tor Grunde Simonsen kan synest noko introvert når han trakterer sin tenorsaksofon eller sin sin sopransaksofon, akkurat slik Miles Davis var når han spelte på sin trompet, kan så vere, men at Tor Grunde kan å spele, er det ingen tvil om.  I tillegg til å spele synte han også at han kan synge og det var han som kom med informasjon om låtane dei spelte.  Glimrande.  Silje Mygland er vokalist i bandet og du verden for ei røyst.  Røysta var som skapt for musikken.   Henrik Warum spelte gitar og kontrabassen vart traktert av Andreas Haga.

Vi ser allereie  fram til neste konsert på Dampen.

IMGP3620b

Tor Grunde Simonsen, her på tenorsaks, og vokalist Silje Mygland.

IMGP3630b

Fredagskvelden var det fullt på Dampen

IMGP3624b

Tor Grunde, her som vokalist.

IMGP3637b

Hjørundfjorden er heldig som har to så gode musikarar.  John Inge Leira Bjøringsøy på tangentinstrument.

IMGP3642b

Bandet samla igjen.

IMGP3623b

God stemning

IMGP3648b

Vokalst Silje Mygland pluss dei gode hjelparane i baren, Kristine Voldnes Langdal og Lars Nilsen.