Laurdag 24. November speler gruppa 4th step of Christmas på Sæbø DS Ekspedisjon, samt søndag 25. November i Jensaløda på Leira.
Musikken er stemningsfull og jazza versjonar av både ukjente og kjente julelåtar, nokon norske, nokon frå andre land.
På Sæbø trur vi lokalet på Dampen blir perfekt for som ei skikkeleg jazzbule, med små bord, dempa belysning og open bar med sal av øl og vin.
I Jensaløda er eit fantastisk flott konsertlokale med svært god klang i eksotiske omgjevingar. Søndagskvelden skal dei lage førjulsstemning også der!
På begge konserter er det med gjestemusikar John Inge Leira Bjøringsøy på tangenter. Jensaløda-flygelet på Leira, og eit vassekte Rhodes piano på Dampen!
Førehandssal Sæbø: Ta kontakt med Nærbutikken Bellingen!
Førehandssal Leira: Ta kontakt med Jensaløda/John Inge Leira Bjøringsøy
4th step of Christmas:
Silje Mygland - Vokal
Tor Grunde Simonsen - Saksofonar
Henrik Waarum - Gitar
Andreas Haga - Kontrabass
-
John Inge Leira Bjøringsøy (tangentar)
Kommentarar