Men ein halvtime etter at dørene opna, måtte vi leite fram fire nye bord. Det var full sal, og trangt om plassen. Køene var lange både på lykkehjul og tombola, og det var blide ansikt å sjå!

Vi var spente på korleis dagen skulle gå, og vi var ein overvelda gjeng som oppsummerte dagen. Dette gjekk så bra at vi allereie vurderar å arrangere fleire gongar!

Inntektene frå basaren skal brukast til ei ny utescene i Bondalsparken. Denne har vi tenkt skal verte som eit overbygg/tilbygg til grendahuset, slik at det vert mogleg å arrangere/bruke storesalen og samstundes ha moglegheit til å vere ute under tak. 

Tusen hjarteleg takk til alle som kom på basaren vår idag! Fullt hus!!
Tusen takk til dei som har hjulpe oss med gevinstar, matsal, underhaldning og all planlegging.

Vi set pris på alle som kom for å kjøpe lodd, luftgeværskyting, lykkehjul, tombola, lodd på bok, mat og drikke. Vi er mållause! Inntektene kjem godt med mot målet om ny utescene i Bondalsparken. Håper alle hadde ein fin dag på Bondalen Grendahus, og ha ein fortsatt fin søndagskveld.

Her finn du også oversikta over vinnarane som hadde kjøpt lodd i bøkene. 

Screenshot 2018-10-28 at 21.48.33

Screenshot 2018-10-28 at 21.48.46

Helsing alle oss i Bondalen Frilynde Ungdomslag