Tysseelva
Foto: Marita Bett Aakre
Tussevatnet er for tida breddfullt. Grunna vedlikehald på kraftverket og den store nedbørsmengda siste tida strøymer vatnet over demninga og gjer at Tyssefossen viser sin gamle kraft igjen. Etter det bygdefolket seier har Tysseelva ikkje vore så stor sidan 1977.
Brua slit med å ta unna alt vatnet
Foto: Marita Bett Aakre
Elva har hatt ikkje hatt så stor vassføring på lang tid og ho dreg difor med seg mykje av det som har vokse og samla seg i det gamle elveløpet
Foto: Marita Bett Aakre
Elva har greve under asfalten slik at den heng i lause lufta.
Foto: Ingvild Mork
Vegen stengd ved brannstasjonen.
Foto: Marita Bett Aakre
Vegen er stengd ved Brannstasjonen på Bjørke, der vatnet har greve ut stein og grus under asfalten, men brua er opna for trafikk igjen etter at den tidlegare vart stengd grunna den store vassføringa.
Flaumtoppen var natt til mandag, og ein kunne tydeleg høyre bulder og smell i elveosen i heile går når store steinar kom farande med vatnet. Fleire stader er stein og mold vorte greve vekk under torva på elvebredda.
To hjortar flaut forbi
I 15-tida mandag observerte Ingvild Mork som bur rett attmed elva, at også to drukna hjortar som ikkje hadde lukkast med elvekryssinga, flaut forbi huset hennar.
Populær foss i gammal prakt
Det er mange som har teke turen til Bjørke for å beundre Tyssefossen slik han var før reguleringa og har vorte eit kjend motiv på Facebook siste tida.
Fossen vart regulert for kraftproduksjon i 1961 og berre eit fåtal gongar har den vore like stor som den er no.
Her kan du lese meir om Tussa Kraftverk på Bjørke.
Kommentarar