Tida går fort, det er haust og om berre sju veker er det tid for julemesse igjen.

Som vanleg siste helga før advent og i den koselege kjellarstova vert det kafé med brennsnut, kaker og tid for ein god prat med kjende. 

Alle utstillerane gir ei gåve til eit lotteri til inntekt for Sæbø bedehus, så her vert det mogleg å vinne fine produkt.

Vi vil oppdatere med fleire bilete og meir tekst etter kvart som dette kjem på plass.

Vi satsar på få, men gode utstillerar og er i år veldig glade for at at Anne Kristine Kalvatsvik vil kome til julemessa. Ho måler nydelege akvarellar og vil ha si utstilling på scena i storsalen.

Kalvatsvik

Det vert mykje mat å få kjøpt på julemessa i år.

JUV

Bringebærprodukt frå JUV i Nordfjord

*

Honning

Honning frå Siv-Helen Myklebust

*

Lefser

Lefser frå Aashild Taklo

*

Jevnlid Garden

Spekepølser frå Jevnlid Garden i Nordfjord

 *

Bergteken

Edith Flakk lagar nydeleg konfekt og DVD med musikk og fjellbilete frå Hjørundfjord.

*

Andre utstillerar sel røykt ost, tyske julekaker, flate grove bitar.

Kjekke gåver til dei som har det meste.

*

Ellers har vi utstillerar som sel handstrikka varer og saueskinn.

Alpakkasjal

Snekkarbuda Andersen er det alltid kjekt å ha på plass. Dei sel nyttige småvarer og leiker av tre.

 Andersen

I år har vi også fått avtale med @tantejorunnhue.

Ho lagar nydelege tova huer og panneband til små og store

@tantejorunnhue

Lisbet Vatne Nielsen lagar dekorasjonar av papir og naturmaterialer. Ho lagar og flotte blomsterbukettar.

Lisbet

Tonje Rem er ein gjengangar på julemessa. I tillegg til anna ho syr vil ho i år ha med seg praktiske klede til baby.

Tonje Rem

***

Du finn fleire av utstillerane på Facebook og Instagram

Vi har eit håp om at sogelaget skal få trykt ferdig årsskriftet sitt til julemessa og har halde av ein plass til dei også.

Denne boka er ei gåve utflytta og buande Hjørundfjordingar set stor pris på.

Hjørundfjord sogelag

Bedehuset på Sæbø er tilrettelagd for rullestolbrukerar og vi har god plass mellom utstillerane.

Velkomne til julemesse på Sæbø!