Boka heiter ALLE GODE TING, og har mange spennande forteljingar frå Bibelen, med oppgåver som du kan løyse sjølv, eller i lag med ein vaksen.

Den er laga for born som er i ferd med å lære seg å lese og skrive. Dei fleste oppgåvene kan barnet meistre på eiga hand. Nokre av oppgåvene inviterer også til samarbeid mellom barn og vaksne. Dette er ei bok som både barn, foreldre og fadrar vil ha stor glede av. Boka er på nynorsk.

Søndag 14. oktober er det hausttakkefest i kyrkja. Og då er de velkomne til familiegudsteneste i Hjørundfjord kyrkje for å ta imot boka. Gudstenesta startar kl.11.00. Det er fint om de er ute i god tid og kjem kl. 10:30. Hugs å registrerer dykk når de kjem.

Etter gudstenesta vil det bli ei samling for 1. klassingane kl 12.30- 14.30 framme i kyrkjerommet. Vi skal leike litt, lære nokre songar og gjere nokre spande oppgåver i den nye boka.

Derfor er det viktig at alle 1. klassingane tek med nistepakke som dei kan ete på kyrkjekaffien før samlinga.

Hjarteleg velkomne!

Helsing,

Espen Aarseth prest og Caroline Sefu, kateket