Kalvar

Haustbeite for åringskviger.

Programmet for årsmøtet er klart.  Sjølvsagt vert det vanlege årsmøtesaker, men det tek ikkje lang tid.  Men vi får inn kunnskap og lærdom frå fleire kantar og ikkje minst kan det stillast spørsmål om Norges bondelag sin politikk.  Er det slik at raudt kjøt frå lam og storfe må kuttast ut til fordel for kvitt kjøt frå kylling?  For det er vel den einaste måten vi kan få ned CO2 utsleppa på?

Frå Møre og Romsdal bondelag kjem toppsjefen, dvs. organisasjonssjef Arnar Lyche.  Men vi har fleire gjestar.  Som vi veit var sommaren for oss bønder spesiell.  Det var tørken som rådde og mange fekk lite grovfòr.  Men fleire av oss fekk hausta ein 3. slått før regnet tok over for godt.  Men korleis nyttar vi denne 3. slåtten på best mogleg måte?  Og kva for kraftfòrtype skal vi bruke?  Dette veit Jon Rune Mork frå Felleskjøpet og Stryn svært mykje om.  Han vil lære oss nettopp om desse problemstillingane.

Og så vil vi legge inn ein konkurranse under middagen.  Kor godt kjent er du i Hjørundfjorden?  Foto vert vist og du svarer.  Og svarer du korrekt kan du vinne premi.

I tillegg til alt dette vert det servert ein to rettars middag - lam frå Bjørdalen, og som har beita i Hjørundfjorden, vert hovudretten.

Vi må ha påmelding på grunn av middagen.  Fristen for påmelding har eigentleg gått ut allereie, men sender du ein sms til tlf. 920 39767 innan måndag formiddag, ordnar det seg nok.

Og er du ikkje medlem?  Ingen problem.  Du kan melde deg inn i Norges bondelag når det måtte passe.  Gjer det gjerne når du melder deg på til årsmøtet.

Styret i Hjørundfjord bondelag