OKTOBERPROGAMMET på Hjørundfjord Filmteater! 
Det er midt på hausten, og vi vil gje eit rikt tilbod til våre medlammar med heile fire filmar denne månaden. 
Ungdommane i fjorden skal ha si eiga framsyning 19. oktober, der dei som vanleg styrer alt frå teknikk til kiosk. Filmen DUNKIRK, krigsdramaet frå i fjor, fortel ei svært dramatisk historie frå andre verdskrigen. Ein av fjorårets beste filmar - med 12 års aldersgrense.

okt dunkirk

Copyright: Warner bros pictures

To dagar seinare, søndag 21. oktober, er det fyrst barnefilm med SANGEN FRA HAVET, ein nydeleg irsk animasjonsfilm basert på eit keltisk eventyr. Og med flott norsk dubbing på dialekt! Litt mystikk og spenning gjer at det er 6 årsgrense. Anbefalast på det sterkaste!

okt sangen

Copyright: Arthaus 

Same kveld er det tid for strikkekino med den libanesiske komedien KARAMELL. Her er det berre å ta med seg strikketøy, hekletøy, rokk og roll - både gubbar og kvinns er velkomne. Det blir servert karamellar (heimelaga) før visning. Oh-la-la!

okt karamell

Copyright: Films des Tournelles

I høve allehelgenhelga viser vi GET OUT. Sjølv om det står som sjanger SKREKK, er dette mykje meir enn ein skummel “skvette-film”. Filmen er ein politisk kommentar, ein svart komedie, og ein av dei mest omdiskuterte filmane frå i fjor. Ein interessant film med mange sider. Så her er det berre å kome - søndag 28.10 på Hjørundfjord Filmteater!

okt get out

Copyright: Universal pictures