Nedste skaret og Tua på Sæbøneset
Friskt mot ved skiltet, Frøydis, Helga, Anne Marie og Rolfen.
Jammen var der endel nedblesne tred på vår veg, det vart litt lysare i skogen somme stader.
Opp og opp, godt tydelig rås, mykje folk som har gått her i sommar
Ei einsleg nype som lyser i mørke skogen.
Fine fargar men ikkje så lure å smake på.
ja vipps so var vi på nedste skaret, der skreiv vi oss i boka, såg på utsikta før vi gjekk vidare.
Høge steg i bratta, nye sko og her var det best på veg opp.
Her kjem vi til eit vått parti, og der var det gjørme gitt.
Då måtte Frøydis snu, ho hadde ei brøddeig som venta, men takk for følget so longt.
Rolfen og Anne Helene var klare for vegen ned når vi andre var nesten på toppen.
Så då vart det fellesbilde i skodde med heile tre deltakarar, HURRA.
Helga, Anne Marie og Bodil.
Når vi var på heimveg letta det litt på sløret, så då såg vi fjorden.
Trandal og ferga dukka også opp.
Vi fekk ein fin trimtur, og det gjekk bra nedatt i sleipå ogso gudsjelov.
Tusen takk for turen alle som var med, litt eller mykje.
Neste måndag er det tid for Gunnarråsa og Åseråsa.
VEL MØTT!
Kommentarar