Tidleg onsdag morgon, nermare bestemt kl. 05.00 møtte 8 morgonfriske pleiarar opp klare for dagens dyst. Nattevakta må ikkje gløymast, Petra Karin har vore så "heldig" at ho har hatt nattevakt kvar tur vi har hatt, i år er 4. året på rad, og ho er saman med den andre nattevakta ei god hjelp på morgonkvisten!
På plass i IL-bussen.
Vi er klare for tur, to minibussar og grønebilen romma alle reisande, 39 personar var med. 24 personar var med begge veiar mens resten kom med MS Hjørundfjjord og Oddvar og gikk ombord på Urke.
Linda tok med Besta frå Ørsta, ho har tidlegare budd på Hjørundfjordheimen og det vart stor gjensynsglede blant gamle kjente. Ettersom vi fekk nokre avbestillinga i siste liten fekk vi fylt opp med nokre som ikkje bor på heimen.
Åmås-bussen. Agnes, Gudny og Liv fremst.
Bodil er ein stabil sjåfør, frukosten tek ho underveis!
Når vi kom til Ålesund kom akkurat Trollfjord å la til kai. Alle var enige om at det er eit flott skip å sjå til og vi gler oss til å kome ombord!
Vi ventar på å kome ombord.
Liv og Gudny, Astrid, Kristine og Elisabeth.
Gudny, Mary, Synnøve, Hans og Borghild.
Elisabeth, Else og Agnes. Cindy og Linda bak.
Astrid er klar.
Bodil og Svanhild.
Unni, Linda, Karl, Oddny, Gunnar, Anne Marie og Oddvar.
Vel ombord, dei som ikkje treng rullator eller rullestol går rett ombord mens dei resten går ombord i vareromet og tek heisa opp. Vi skaper litt kaos for personalet men dei er like hyggelege og hjelpsame. Ei av dei var på MS kong Harald i fjord og huska oss frå då!
Gunnar, Karl, Kristine og Astrid.
Liv, Else, Oddny og Synnøve.
På plass i panoramasalongen. Synnøve, Janneche, Hans, Gudny, Astrid og Kristine.
Bodil og gjengen! Spøte kan ein gjere karsomhelst.
Borghild kikar etter plassen ho vart fødd og vaks opp på for 104 år sidan. Lars Jarle fyl spent med.
Her har ho oppdaga noko kjent. (datoen på bildet er heilt på villspor..).
Borghild peikar og fortel, Lars Jarle, Cindy, Mary og Linda er gode lyttarar.
Brattheim der ho vaks opp er garden til høgre mens vi ser Skarbøen til venstre. Det er veldig kjekt å høyre henne fortelle om oppvekst og skuleveg m.m. Ho sit inne med utruleg mykje kunnskap om fjorden og folket!
På Urke fekk vi ombord resten av gjengen. Dei kom med "tenderbåten" MS Hjørundfjord. Karoline, Kimberly dannar framtropp.
Vi gikk til dekka bord for lunsj, Liv, Astrid, Karl og Agnes.
Praten går livleg mens vi ventar på maten. Fin utsikt og koseleg atmosfære.
Karoline, Edel og Ragna. Vi har med to unge damer som har fylt 100 år, Ragna og Borghild!
Edel, Ragna og Rut.
Lars Jarle og Cindy.
Oddny og Gunnar.
Oddvar og Manuela.
Anne Marie.
Liv og Astrid.
Hans og Synnøve.
Bodil og Ola.
Manuela har med venner frå Tyskland, Angelika og Rainer.
Svanhild, Bodil og Kimberly.
Unni og Oddvar.
Nesten heile gjengen. Dessert og kaffi står for tur.
Bjørg og Åse.
Else og Elisabeth.
Linda og vår felles Besta, dvs. Mary.
Svanhild, Gudny, Janneche og Kristine.
Gunnar og Janneche.
Anna og Jorun kosa seg ombord.
Utsikta innover Hjørundfjorden var ikkje den beste men det letta litt og vi såg bra etter vi passerte Festøya.
Utsikt mot Stennes.
Kl. 15.00 reiste Borghild, Kristine og Kimberly tilbake til Sæbø mens vi andre sette nasen tilbake til Ålesund.
Nokre av oss gikk ut på dekk for å få med oss reisa ut Hjørundfjorden og håpa på ein tur inn på Sæbøvika så vi får vinke til dei som er att på heimen og resten av bygdefolket.
Janneche peikar og fortel, Lars Jarle, Else, Astrid, Gunnar og Karl nyt utsikta.
Gunnar og Karl har mykje å prate om.
Smaksprøve av spekekjøt. Karoline, Mary, Edel, Bodil og Linda får smake.
Vi rundar Hustadneset og set kursen mot Hjørundfjordheimen. Der blir vi møtt med flagg og vi syns vi høyrde heiarop.
Vi vinkar til dei heime.
Lars Jarle var stornøgd med turen!
Hustadneset. Etterkvart som vi nermar oss Ålesund bles det litt opp og det vart tendensar til gynging. Dette vekte mange minner om tidlegare tider der det var vanleg å reise til Ålesund med rutebåten, andre hadde vore på sjuen på fiske og hadde minner om det.
Tilbake i Ålesund og på vei på land.
Mary var også nøgd og hadde gjerne vore med vidare, til Kirkenes og tilbake. Den turen får vi ha tilgode...
Her kjem vi!
Ser de godt etter kan de sjå kor vi vinkar. Dette er den finaste Hurtigruta vi har vore med så langt, mange vindu å sju ut igjennom og litt bedre heiskapasitet enn dei andre.
Desse turane er det personalet på heimen som arrangerar i samarbeid med heimen. Vi får også god støtte av Oddvar og MS Hjørundfjord som sponsar dei som ikkje er med begge veiar med tur til og frå hurtigruta.
Vi er 4-5 personar som starta dette og som har vore med heilt frå starten av, det er ein dugnad som gir oss mykje tilbake, takknemlege og blide bebuarar, ein dag i året gir vi gjerne. Berre vi er godt nok hjelpa går alt fint.
Det heile starta med at ei dame i 1. etg. sat og såg ut vinduet kvar dag når hurtigruta kom og hadde ein "umuleg" draum om å få vere med desse fine båtane. Kvifor ikkje tenkte vi, og slik vart det. Tankane gikk til Karen fleire gongar undervegs, ho er no ikkje lenger blant oss, men turen håpar vi vi kan arrangere i mange år framover!
Tusen takk for turen!
Kommentarar