P1150100

Klare til start på Heimste Holen! Hilde, Anne Marie, Ragnhild og Kari.

P1150102

Her er det "alltid" obligatorisk drikkepause. Betre vatn enn dette skal du leite lenge etter! 

P1150104

Ein liten kvild på Årskogstøylen måtte vi ha, og sjølvsagt skrive oss inn i boka der.

P1150106

Det gjekk fint å krysse elva i dag.

P1150107

Voldingane undra seg over at det kunne vere eit vatn oppi her. Men brått dukka dagens turmål opp, Holekonevatnet. Og her måtte vi ha dagens fellesbilde. Kari, Ragnhild, Anne Marie, Hilde og Monica.

P1150109

Vi gjekk andre sida av dalen tilbake. Då vi nærma oss nederste del av Grøtdalen, fekk vi flott utsikt nedover mot fjorden. 

P1150111

Glade damer! Her har vi kryssa ura og komt oss vel forbi Svarthammaren.

P1150113

Nedover mot Furua og Thereseråsa.

P1150115

Vi måtte ringe litt med bjella på "Bjellesteinen" før vi gjekk ned til Furua.

P1150116

Skriving i turbok og nyting av utsikt ved Furua. Så avslutta vi ein fin rundtur nedatt Thereseråsa.

Tusen takk for ein kjekke tur!

Neste måndag vert det tur til Nedste Skaret/ Tua på Sæbøneset. 

VEL MØTT!