Litt om kassebilløpet:
Løpet skal starte på Hjellen og ha målgang ved badestranda.
Vi har fått tillatelse av Ørsta kommune til å stenge Sæbønesvegen i periodar denne dagen. Vi skal ha trafikkvaktar i kvar ende, som vil dirigere trafikken. Vi opnar for gjennomkøyring i pausar undervegs i løpet, men ein må rekne med noko ventetid.
Program:
13.00: Registrering og prøvekøyring.
14.00: Kassebilløp
Grilling på Kapteinkvia under/etter løpet)
16.00: Premieutdeling på Kapteinkvia.
17.00 Filmframsyning på Sæbø Dampskipekspedisjon: Flåklypa Grand Prix. Kort intro til filmen v/Gunnar Strøm. Enkel kiosk.
Meir informasjon om arrangementet finn de på Hjørundfjord filmteater sine facebooksider og på bloggen saebograndprix.wordpress.com
Vi håper dette vert eit kjekt arrangement, og ynskjer både store og små velkomne både som deltakarar og publikum :)