LØNNDALSMANNEN
Dei som var med var: Kari, Ole Ragnar, Jorunn, Barbro, Kjell Rune, Ansgar, Hildegunn, Linda, Hilde, Kanutte, Irene, Ole Per, Ann Helene, Wenche, Vidar, Frøydis, Emilie, Anne Marie, Ragnhild, Oddny, Rolfen, Bente og meg- Bodil.
Vi starta i flott turvêr, ein bra flokk.Det gjekk fint oppover mellom straumgjerda, ingen fekk støyt (trur eg).
Siste bratta oppover er den brattaste biten. Den er drøy!
Stien svingar inni skogen der er det slakkare å gå.
Irene og Ole Per, vi ser bratt ned til Ville.
Eit segl er spent opp til ly for regnet.
Litt bildetaking og påfyll av væske, før vi fortsett.
Lang rekkje med turgåarar, mest som "Monsen- style.
Vi hadde små stopp på vår veg.
Det er i motbakkane det går oppover, snart vert det flatare.
Emilie ved skilta oppe i dalen.
Mannen er "besteget"og målet er nådd.
Jublande fellesbilde sjølv om -då kom SJØLVSAGT regnet og utsikta for -nesten.Vi kosa oss likevel, Hildegunn, Emilie, Linda, Frøydis, Kanutte, Kari, Ole Ragnar, Wenche og Vidar.
Ragnhild, Anne Marie og Oddny.
Vi sette kursen nedatt, då gjekk vi den andre råsa.
Sjeldan ser vi slik ei rekkje med folk i Villadalen.
Somme kosa seg med mannen ei stund til.
Turen nedatt gjekk bra og alle kom velberga heim.
Tusen takk for ein fin tur i godt lag, trass regn på slutten
Vi fekk nesten perfekt utsikt likevel.
Neste måndag er det tur til Grøthaugen.
VEL MØTT!
Kommentarar