Vasstøylen og Langhorndalen.
Ansgar, Bodil, Elisabeth, Kari og Fred, ein snerten gjeng ved turmålet.
Vi kjøyrde inn i Kvistaddalen så "støvdombå" fauk, klar til ein tur i nydelig sommarvêr.
Det var tørt og fint i råsa, sikkert inga overrasking.
I bakgrunnen ser vi dagens mål, Langhorndalen.
Men fyrst måtte vi fylle flaskene ved "ungdomskilden", det både smaka og gjer godt dette vatnet.
Fellesbilde fekk vi teke ved Vasstøylen.
Kursen vidare gjekk rundt vatnet.
Familien Dale Frøland hadde også kurs for Langhorndalen, blide flokk klar for telttur.
Der var nye steinar som hadde rast over råsa
Ikkje så langt att no, karane tek bilde
Fellesbilde: Ansgar, Bodil, Elisabeth, Kari og Fred.
Vi måtte nyte den flotte sommarkvelden og utsikta- lenge.
Og vi vinka farvel til desse heldiggrisane som skulle overnatte Eivor, Kristine, Yngve og Inga-som hadde gått heile vegen sjølv.
Varmen dirra i lufta og det var verkeig ein av dei varme flotte kveldsturane.
Turen heim bada i sol, der er nok sol lenge endå.
Tusen takk for laget!
Neste måndag er det tur til Stokkehornet, husk vi møtast på Halsen for å starte ein annan plass enn tidlegare.
VEL MØTT!
Kommentarar