Gardsdag 2018
Vår faste dreng Arnljot var klar med hesa når folket kom, Unn kom med dyr av fleire slag : Lam, Høner og vaktlar.
Mange gode hjelparar , små og store gjorde dette til ein storarta dag.
Randi og Helga orna kaker på fat, mange gode hjelparar hadde baka.
Kaninungar kom frå Vatne, Ragna koste seg svært med dei mjuke nysta.
No var graset på plass, straks skal vi hesje.
Stor stas å få sjå på hønene og vaktelane.
Lamma var ein populær atraksjon.
Stimen av ungar rundt kaninburet sei litt om kor kjekke dei var å sjå på.
Nysta kosar seg i skuggen, dei vart godt påpassa.
Alle vart fortrylla av dei lodne dyra.
Lamma fekk nokre prøve å mate, stas å få sleppe inn å klappe litt.
Jakob klappar hønene, han fortalde og lærte dei som ville vete meir.
Reine folkestimmelen rundt bura.
Mykje folk var der ellers også, dagsenteret frå Ørstaheimen kom på besøk til oss. Dei kosa seg svært heile dagen.
Tettpakka med folk, alle stadar.
Nokre ville sitte i skuggen og sjå på sola.
Andre kosa seg i sola og den fine varmen.
Vi måtte rigge opp parasollar så dei fleste fekk litt solsjerming.
Ettermiddagen er det lunt i kråa ved plenen og det var flott å sitte ute på graset.
Petra var storekokke for vaflepressa denne gongen, to gigantiske balgar med røre gjekk unna.
Sjå berre, traktorvaffeljarn som mætsja peonane.
Traktorvafle og hjertevafla, bege gjekk unna så det suste.
Kø attmed vaffelpressa.Alle borna fekk pinneis.
Desse har nok hesja endel frå før og tok ansvar for alle som ville lære.
Anne Margrethe vann sykketur på lotteriet så då bar det i veg. Bodil var sjåfør.
Det var fleire som fekk seg sykkeltur også. Gudny og Else i farta, med Elisabeth som sjåfør.
Mange tok turen og fekk seg ein prat og kaffi og kake.
Dei fleste naut varmen medan andre arbeidde.
Jammen var vi heldige, denne gongen også.
Trubaduren Norvald spelte og song til oss, og vi song med.
Tusen hjarteleg takk til alle som bidrog til ein vellukka Gardsdag.
Kommentarar