I fjor fekk vi ein strålande dag med mykje aktivitet på Sæbø.

Bedehus2

Vi har gjort avtale om godt sommarvér og satsar på at dette vert ein kjekk dag også i år.

Urke gartneri og Oddvar Årsetøy vil selge flotte sommarplanter på plassen utafor bedehuset på Sæbø.

Hovden gravferdsbyrå vil og vere til stades og gi råd og vegleiing om graver, gravsteinar og planting på gravplass.

Kl 13.00  kjem Espen Aarseth og held andakt inne i kyrkja. Den vil vere open frå 11-15 og det er høve å tende lys og ha ei stille stund.

Inne på bedehuset vert det sal av kaker og smørbrød kl. 11.00 - 15.00.

Nilsbuda

Nilsbuda og Galleri Taklo opnar denne dagen og Sæbø DS Ekspedisjon arrangerer loppemarknad på plassen utafor kl. 11.00 - 14.00.

Kl. 12.30 kjem ordførar Stein Aam for å avduke det nye fotopunktet på Sæbø.

Loppemarknaden: I år som i fjor, vil konseptet være slik at dei som ynskjer å vere med stiller med eige bord som ein sjølv har med, og rigger seg til i sentrum, i forkant av Sæbø DS Ekspedisjon/Dampen og Nilsbuda. Du sjølv står for salg, inntjening og opprydding av eigen «stand». Kor lenge du ynskjer å stå, vel du sjølv.

Loppemarknad

Du kan selge det du måtte ynskje, fra gamle skattar, retro, klenodium, barneklè, diverse utstyr, leike, voksenklè etc. Det du sjølv ikkje ynskjer å ha/treng, kan være ein skatt for ein annan. Vi håper på god oppslutning også i år, men for å halde ein viss oversikt hadde det vært fint om du/dykk melder din interesse til 95172642 v/Anja.

På Dampen kan du kjøpe nydeleg ramslauksuppe.

Hald av dagen, dette skal verte kjekt!