Klokkura og Tryvatna.
Stokkedalsvegen er reist ein bauta over, Mariell, Torine og Gaupe er klar for tur.Mange ville nyte dagen på tur, og vi var ein flokk på 27 og ein hund!
Fine forhold innover mot StokkesetraVerdens sprekaste spebarnsmor Anette held koken med Mathea på magen
Rekka var lang og vi vart geleida av Theo.
På Stokkesetra var det pause til alle kom inn.
Korleis kan ein få alle til å stille opp til fellesbilde, ikkje greit å halde kustus på slik ein flokk.
Jammen var dei flinke, alle mann på plass Terje, Jon Terje ,Theo, Åge, Fred, Bernt Arve, Bodil, Jorunn, Rolfen , Torine, Gaupe, Mariell, Markus, Siw, Maren, Wenche, Vidar, Irene, Anette, Mathea, Inger Lise, Elise, Aurora, Dina, Roy, Maya og Henning.
Alle vart med vidare til Klokkura.Vi passerer Frølandsetra i høgd, Jorunn og Fred.
For ei utsikt mot fjorden, ein perfekt dag for tur.
Denne steinen inneheld mange minner og navn, kjekt å sjå.
Trollsk stemning i Klokkura, kansje huldra passar oss?
Der aular med folk i ura, sjeldan so mange er der på ein gong.
På rekke kom alle anstigandes.
To blide sprekingar på steinen, Dina og Aurora.
Synfaring på dalens luftigaste wc.
Alle kosa seg med litt drikke og mat.Mykje folk og stor stemning.
Medan andre ville fortsette vidare mot Tryvatna.
Dei er sprekast dei yngste, også Bernt Arve då.
Jon Terje nesten rundt fyrstevatnet.
Kjekt med nokon som er intressert i stadnamn, svartedauden og anna seriøst prat, kloke spørsmål å få.
vi fann steingarden som tidlegare var grensa mellom Hjørundfjord kommune og Ørsta kommune.
Der kunne vi skrive oss i boka, ikkje så mykje besøk der nei.
Tre akrobatar ved tredjevatnet.
Svært at tilogmed Oslofolk kjem for å vere med på måndagstur.
Denne varden bygde vi på ein måndagstur i ørtenogtrygve ein gong.
Alt har ein ende, denne gongen må vi også heimatt, sjølv om her er sola leeeeeenge.
Med sola i ryggen og utsikta framføre deg er turen lett.
To luringa på Frølandsetra, Irene og Monica?
Vakrare utsikt skal ein leite etter, vi takkar alle for laget på denne flotte turen.
Neste måndag er det tur til Tua på Hustadneset.
VEL MØTT!
Kommentarar