Roppehornet på Flø.
Me starta frå parkeringsplassen før Flø , der er ei fin rås som går på skrå etter fjellsida.
Litt logistikk med bilar, før vi kunne sette etter dei andre som starta før oss. Inger Lise med Hilde, Elise og Elena.
Fyrste stykket er det brattaste, så ein kjem raskt opp i høgda.
Der såg vi i flokken som var komne godt oppover fjellsida.
Inger Lise , Hilde, Elise og Elena med Ropphornet bak bjørka.
Oppe i dalen traff vi på dei andre, litt våt rås men det gjekk bra.
Etter ei slakk strekning går det oppover att.
Litt prat har vi alltid tid til.
På kanten med "kvinner på randen".
Ei lita dame som poserte villig, Tira.
Toppen er nådd utsikta er upåklagelig.
Fellesbilde som seg "hør og bør"
Bodil, Helga, Kjell Rune, Barbro, Elena, Kjersti, Hilde, Manuela, Irene, Hilde , Elise og Inger Lise.
Bilde må vi ta, Bodil i solnedgang.
Barbro og Kjell Rune med horisonten bak seg.
Baksida av toppen, der hadde vi parkert ein bil så fekk vi prøve denne vegen også. Etter litt att og fram var alle nede (somme jogga!)
Takk for laget, det var godt å kome i gong att!
Hærøybrua i sikte, bak den ser vi Muletua som er turmålet neste måndag.
Vel møtt!
Kommentarar