Kornbergveten og Galten.
Ein fin gjeng på 7 personar og ein hund, var klare for ein tur på Folkestadsida.
Vi kjøyrde nesten inn til Folkestadsetra. Rolfen, Haldis, Elisabeth, Helga, Jorunn , Terje med Theo.
Skogsveg fyrst eit stykke, så rås.
Ikkje langt oppe før vi såg flott utsikt mot Volda.
Her ligg hjorten i sitt spa og kikar på Voldingane.
Rumpetrolla er komne langt, i ei delikat suppe.
Vi kom raskt opp på høgda og sikta på nermaste topp..
Formidabel utsikt på ein slik dag, Dalsfjorden på sitt finaste.
Rolfen og Terje kikar ned på Dravlaus, Theo er nok opptatt av andre ting.
Her måtte vi ha fellesbilde Terje , Jorunn, Rolfen, Elisabeth, Bodil ,Helga, Haldis og Theo.
Vi skulle vidare mot Kornbergveten.
Elisabeth i eit hav av molteblomster, vert det bær på alt så hjelpe meg.
No er det berre å la humla suse.
Dei berømte enorme hjortegropene.
Største hjortegropa eg har sett!
Vi nermar oss Kornbergveten etterkvart.
Flott utsikt mot Volda må ein ha når nista skal etast.
Det vart mykje knipsing på denne turen.
Damene ved veten på kornbergveten.
Gjengen samla med bakgrunn utover Øyane.
Det var nesten vemodig å rusle tilbake etter ein slik flott tur, helst skulle ein overnatte her.
Men alle var samde om at DETTE VAR EIN AV DEI BESTE TURANE !
Tusen takk for laget.
Neste måndag startar vi på dei "ordinære" turane i Bondalen.
Håper du kjem å slår lag.
VEL MØTT.
Kommentarar