Torsdag 10. mai er det opning på tidenes fyrste Bygdepride, og dette skjer på Sæbø! Vel møtt til ein historisk kveld på Sæbø DS Ekspedisjon. Fyrst velkommen med mingling og open kiosk. Så tale ved ordførar Stein Aam, appell ved Rune Sæbønes og miniforedrag om queer-cinema av Høgskulelærar Trygve Nielsen. Deretter syner vi filmen PRIDE frå 2014 utanfor lokalet. Vi har bestilt finever, men har ei god reserveløysing inne på Dampen om det skulle regne padder og grashopper! Vel møtt! :)
Bygdepride på Sæbø!
Bli med på utekino med Hjørundfjord Filmteater og Bygdepride ved Sæbø DS Ekspedisjon!
Lagt inn av
Tor Grunde Simonsen
03.05.2018 21:34
03.05.2018 21:34
Kommentarar